Spiren Gardsbarnehage søkjer pedagog
100% vikariat, tiltreding september 2025- mai 2026, med mogelegheit for forlenging.
Spiren Gardsbarnehage SA er ein privat, Steiner-inspirert barnehage som ligg midt på gardstunet til Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Spiren har 24 plassar, frå 0-6 år. Vi held til i eit gamalt sjarmerande trehus, og har fjord, fjell og skog som næraste naboar. Vi følgjer årstidene og livet på garden, og er mykje ute i naturen. Vi et økologisk mat, og mykje av maten kjem rett frå garden. Vi har årstidsfestar som til dømes Mikkelsmesse, Lanternefest, Adventshage og Solfest. Årstidsbordet speglar året sin gang.
Vi søkjer ein barnehagelærar i 100% vikariat med tiltreding i september 2025 til mai 2026.
Spiren er medlem i Private Barnehagers Landsforbund, og følgjer deres tariff.
Det er krav om framvising av gyldig politiattest før tilsetting. For meir informasjon: http://sjh.no/livet-pa-skulen/gardsbarnehage/
Dette er ein jobb for deg som ynskjer å arbeida med natur og gardsrelaterte aktivitetar i lag med barna. Aurland er ei lita bygd med eit ungt miljø, og kan by på fantastiske turmoglegheitar for dei som likar det.
Søknad sendast: spiren.barnehage@gmail.com
Frist for søknad: 21.05.25
Tiltreding: september 2025
Kontakt: Eleanor Bjune Mead, dagleg leiar
Tlf: 97097581 / 98902623
KONTAKT
Kontakt: Eleanor Bjune Mead, dagleg leiar
Tlf: 97097581 / 98902623
TILTREDELSE
september 2025
SØKNADSFRIST
21. mai 2025
SØK STILLINGEN
Søknad sendast: spiren.barnehage@gmail.com