Spiren Gardsbarnehage søkjer pedagog

100% vikariat, tiltreding snarast – juli 2024, med mogelegheit for forlenging.

Spiren Gardsbarnehage SA er ein privat, Steiner-inspirert barnehage som ligg midt på gardstunet til Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Spiren har 24 plassar, frå 0-6 år. Vi held til i eit gamalt sjarmerande trehus, og har fjord, fjell og skog som næraste naboar. Vi følgjer årstidene og livet på garden, og er mykje ute i naturen. Vi et økologisk mat, og mykje av maten kjem rett frå garden. Vi har årstidsfestar som til dømes Mikkelsmesse, Lanternefest, Adventshage og Solfest. Årstidsbordet speglar året sin gang.

Vi søkjer ein barnehagelærar eller pedagogiske leiar, i 100% vikariat med tiltreding snarast – juli 2024, med mogelegheit for forlenging.

Spiren er medlem i Private Barnehagers Landsforbund, og følgjer deres tariff.

Det er krav om framvising av gyldig politiattest før tilsetting.

For meir informasjon: http://sjh.no/livet-pa-skulen/gardsbarnehage/

Dette er ein jobb for deg som ynskjer å arbeida med natur og gardsrelaterte aktivitetar i lag med barna.  Aurland er ei lita bygd med eit ungt miljø, og kan by på fantastiske turmoglegheitar for dei som likar det. Barnehagen kan tilby tenestebustad, som vert gratis dei første 6 månadene.

KONTAKT

Kontakt: Audhild Bjune, dagleg leiar

Tlf: 91399375/ 98902632

SØKNADSFRIST

snarast

SØK STILLINGEN

Søknad sendast: spiren.barnehage@gmail.com