Spiren Gardsbarnehage søkjer barnehagelærar eller pedagogiske leiar 100% vikariat, frå 14. august 2023 – juni 2024

Spiren Gardsbarnehage SA er ein privat, Steiner-inspirert barnehage som ligg midt på gardstunet til Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

Spiren har 24 plassar, frå 0-6 år. Vi held til i eit gamalt sjarmerande trehus, og har fjord, fjell og skog som næraste naboar. Vi følgjer årstidene og livet på garden, og er mykje ute i naturen. Vi et økologisk mat, og mykje av maten kjem rett frå garden. Vi har årstidsfestar som til dømes Mikkelsmesse, Lanternefest, Adventshage og Solfest. Årstidsbordet speglar året sin gang.

Vi søkjer ein barnehagelærar eller pedagogiske leiarar, i 100% vikariat frå 14. august 2023 – juni 2024.

Spiren er medlem i Private Barnehagers Landsforbund, og følgjer deres tariff.

Det er krav om framvising av gyldig politiattest før tilsetting.

For meir informasjon: http://sjh.no/livet-pa-skulen/gardsbarnehage/

Dette er ein jobb for deg som ynskjer å arbeida med natur og gardsrelaterte aktivitetar i lag med barna.  Aurland er ei lita bygd med eit ungt miljø, og kan by på fantastiske turmoglegheitar for dei som likar det. Barnehagen kan tilby tenestebustad.

 

KONTAKT

Kontakt: Eleanor Bjune Mead, dagleg leiar

Tlf: 97097581 / 98902632

SØKNADSFRIST

1.juni 2023

SØK STILLINGEN

Søknad sendast: spiren.barnehage@gmail.com